Utvald artikkel

'Arbeidar og kolkhoz-kvinne' av Vera Mukhina

Sosialistisk realisme er ei kunstretning som utvikla seg under kommunismen i Sovjetunionen og vart den rådande stilen i andre kommunistland. Sosialistisk realisme er ein teleologisk-orientert metode og stil som tok mål av seg til å fremje målsettingane i sosialismen og kommunismen. Tema for retninga var jamnast arbeidslivet og teknikken i den sosialistiske kvardagen, til dømes traktorkøyrarar på ein kolkhoz som optimistisk vender blikket opp og fram. Ein la vekt på røyndomsnær skildring med lågt innslag av abstraksjon og estetisering. Retninga har slektskap med sosialrealismen, men dei to må ikkje forvekslast. Tvert mot sosialrealismen glorifiserer den sosialistiske realismen ofte den fattige si rolle. Retninga var i ein viss grad ein reaksjon mot såkalla dekadente stilretningar. Les meir …



Utvald skandinavisk artikkel

Conwy Castle

Conwy Castle er en middelalderfæstning i Wales. Den blev bygget af Edvard 1. under hans erobring af Wales 1283–89. Over de næste århundreder spillede slottet en vigtig rolle i flere krige.

Conwy Castle blev et yndet motiv for malere i slutningen af 1700-tallet og begyndelsen af 1800-tallet. Besøgstallet voksede og begyndende restaurering blev udført i sidste halvdel af 1800-tallet. I 1900-tallet blev ruinen en turistattraktion.

UNESCO har optaget Conwy Castle på Verdensarvslisten. Den rektangulære borg er bygget af lokale og importerede sten og fylder højderyggen ud til kysten. Den er opdelt i en indre og en ydre borggård, der bliver forsvaret af otte store tårne og to forborge med en lønport, der fører ned til floden, så slottet kan få nye forsyninger fra søsiden. Læs mere


Dagen i dag


Visste du at …

  • ... albumet Chuck av Chuck Berry kom ut i juni 2017, heile 38 år etter det førre albumet hans?
  • ... berre 13 % av innbyggjarane i Qatar er nasjonale qatararar, medan resten er utanlandske arbeidarar?
  • ... eit rekordkraftig høgtrykk over Skandinavia i oktober 2016 er knytt til uvanleg låge verdiar av den arktiske oscillasjonen?
  • ... ei gruppe forskarar konkluderte med at «We Are the Champions» av Queen er den mest fengande songen i popmusikkhistoria?
  • ... librasjon er små svingingar i rørsla til månen, som gjer at ein kan sjå meir enn halvparten av måneoverflata frå jorda?

Faktaa ovanfor er tekne frå nokre av dei nyaste artiklane våre – arkiv


Les på eit anna språk